Under Ein Cowboyhatt Songtext
Songtext powered by LyricFind
Ditt hovud det manglar ein cowboyhatt.
Det ligg der og drøymer kvar einaste natt Om livet i brennande præriesol,
eit liv der du ikkje treng heim til jol.
Du rir slik in krusar i Cadillac;
med mysande augo og kroppen slakk,
Og kjem der ein slange så sei' du holdt!
Så skyt du han daud med ein sylvblank Colt.
I ein draum i ein natt, og månen skin og kaffien er fin og svart.
Det er natt under ein hatt, ein rett og sagt jæskla tøffe Cowboyhatt.
Ditt liv har meining forutan mål.
Du hopper av hesten og gjær opp eit bål.
Du har ingen evalueringstrang når sola går ned bak ein svart mustang.
Og så kjem du fram til ein by i sør,
der truleg Clint Eastwood har vore før,
Der sjela blir kvesta og kroppen sett fri,
men for deg gjer det lite at det er slik det blir.
I ein draum?
Og full det er du støtt, for moralen er 'kje født,
så alt du tenkjer om alt det som blenkjer; det er slikt ein fær.
Alt du treng er litt begjær og eit jentefang.
Ein blank mustang tek deg snart ut på farten.
Og hesten, ja, hesten heiter Svarten.
Men vaknar, det gjer du. Og der ligg ho som spør:
"Hott i kloden va'det du drøymde no?"
Du svarar du har hatt deg ein opplevingstur bort ditt som cowboyar og indianarar bur.
I ein draum?
Songtext powered by LyricFind